Skrevet av Janne Søvik, ordførarkandidat og gruppeleiar i Rauma arbeiderparti

Rauma Arbeiderparti vil så gjerne tru at alle elevar i Raumaskulen blir godt ivaretekne slik at dei føler seg trygge og kan gle seg til skuledagen. Vi veit at det blir gjort ein formidabel jobb kvar dag av vaksne, men ifølge Elevundersøkelsen 2022 er det likevel ikkje alle elevar som har det bra.

Vi har rett og slett ikkje gjort god nok jobb når 11,5 prosent av 7. klassingane svarar at dei ikkje har det godt. Dette må vi ta på alvor og gjere noko med, i dag. Alle elevar skal kjenne seg trygge og ha det godt, då først kan vi sjå utvikling og læring.

Det kan sjølvsagt være utallige grunnar til at elevar ikkje har det godt, som stort fagleg press, eller for lite utfordringar, press på andre områder som i idrett, utseende, utfordringar som angst eller uro, språkbarrierar, mobbing frå medelevar eller vaksne, vanskeleg heimeforhold osv.

Lista over kva som kan være vanskeleg for ein elev er utømmeleg, men uansett grunn til utryggheit og misstrivsel er det vi vaksne som har ansvar. Vi må legge betre til rette fagleg, sosialt eller sette inn tiltak på andre områder. Det er vår plikt, som politikarar, som skulesjef, som rektorar og alle tilsette i skule, som føresette, trenarar og musikklærarar. Vi skal sjå til at alle barna rundt oss har det bra. Det er den viktigaste jobben vår.

Vi skal reagere og agere når vi ser at nokon ikkje har det bra. Vi kan ikkje snu oss vekk, overlate til andre eller tru at ting ordnar seg etter kvart. Vi må ta samtalen med eleven og med føresette, tilrettelegge og tilpasse betre.

Skal vi vere ein del av eit lag rundt eleven så må vi ta ansvar her og no, ikkje utsette. Vi kan ikkje sjå på at elevar kan få livet forringa eller i verste fall øydelagt av misstrivsel og av vaksne som ikkje ser.

Så er det sjølvsagt ikkje slik at det berre er i skulen og at det er barn som kan føle seg utrygg og ikkje ha det bra. Vi vaksne er jo heller ikkje alltid like snille mot kvarandre, verken i media eller ansikt til ansikt. Men, den store forskjellen på vaksne og barn er at vi vaksne veit vi at vi ikkje blir likt av alle, vi kan tåle å bli oversett eller sett ned på, eller ikkje bli snakka til.

Vaksne har også moglegheit til å finne ny arbeidsplass, finne nye venner og samarbeidspartnerar som respekterer oss og som vi kan føle oss vel i lag med. Elevane kan derimot ikkje stikke av, flytte, unngå medelevar eller vaksne på skulen (sin arbeidsplass).

I Hurdalsplattforma (2021-2025) står det: «skular der elevar lærer godt, er kjenneteikna av høg trivsel. Elevar må ha det bra for å lære bra, og skal få rask og koordinert hjelp for å hindre at ulike utfordringar øydelegg for læring og trivsel. Barn og unge skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Mobbing på skulen og andre arenaer skal førebyggjast og takast raskt tak i».

Arbeiderpartiet sitt mål både lokalt og sentralt er å styrke laget rundt eleven, blant anna med tverrfagleg innsats. Vi må være einige om å bygge desse laga rundt kvart enkelt elev, ingen skal ha det vondt.