"Eldrebølga"

Det er eit ord som etter kvart har fått ei svært så negativ ladning at ein må prøve å få avskaffe det ein gong for alle, mener Nils Valde.

Nils Valde: Pensjonert rektor.  Foto: Privat

Meninger

Dette er eit ord som straks kjem fram når ein skal ta til å snakke om budsjett og fordeling av offentlege midlar. Det er eit ord som etter kvart har fått ei svært så negativ ladning at ein må prøve å få avskaffe det ein gong for alle. Slik som det ofte blir brukt, minner det mest om «pest og plage».

Dette som skulle fortelje oss noko positivt og godt, blir meir brukt som det peikar på verdas undergang.

Det som dette fortel oss, er at vi har fått det så godt at vi lever mykje lenger enn før. Dessutan har medisinen og helsestellet kome så mykje lenger enn for berre få år sidan. I dag «repererer» dei ting som var utenkjeleg for berre få år sidan. Eg brukar ofte å seie det, litt flåsete:» Hadde vi levt for 50 år sidan, så hadde vi ikkje levd!». Dessutan er vi eldre mykje friskare enn før. Vi er ikkje så utslitne som forfedrane våre var.Mange av dei var så utslitne og krokute at dei på slutten nesten gjekk med nasen i bakken, eller mange måtte ligge til sengs sine siste år. I dag kan ein få skifta ut både kne og hofter og bli trena opp til å fungere nesten like bra som før.
Vi, godt reparerte eldre, og mange som ikkje har hatt behov for reparasjon, må ein ikkje sjå på som ei belastning, men som ein ressurs. I mange tilfelle er der ein stor restverdi att!. Eg trur at dei som står for styringa, kunne få stor glede av denne ressursen dersom ein la tilhøva til rettes.

Eg trur at det viktigaste som skal til for at vi eldre skal halde oss friske lengst mogeleg, er at det blir lagt til rette for at vi lengst mogeleg kan vere i aktivitet. Det er vel og bra å legge til rettes med laglege og lettstelte boligar. Men ein må for all del ikkje gjere det slik at vi som er eldre, blir sittande og vente på at vi skal bli eldre og hjelpelause!
No vil eg skunde meg å legge til at det blir gjort ein heil del. Vi har både Møteplassen, Sterk og stødig og andre tiltak som vi skal vere takksame for. Men dette når berre ein altfor liten del av oss. Det skulle ha vore mange fleire både «10-kaffiar» og anna som engasjerte . Eg trur at kommunen ville ha mykje att for å bruke meir ressursar for å få mange fleire i aktivitet. Eg trur i alle høve at det ikkje trong å vere mangel på ressursar for å få dette til dersom ein var kreativ nok. Det blir delt ut mangfaldige millionar for året både frå bankar og stiftingar og andre som det kunne søkast på. Ja, det blir også delt ut statsmdlar til slike tiltak. Det er berre spørsmål om å ha nokon som tek initiativet.

Eg trur det er mange i Raumasamfunnet som ville stille opp, om det var nokon som planla og la til rettes. Det kan vere mange enkle ting som ikkje ville trenge så store ressursar, f.eks. samtalegrupper av ymse slag. Slikt kunne ein ha på institusjonar og bofellesskap og ute på bygda.

Ein annan ting som blir forsømt er at mennesket «lever ikkje berre av brød åleine». Mennesket har også ei åndeleg side som bør «pleiast». Det er då vel ikkje berre dei som høyrer til Islam som har dette behovet: Dei samlast som du veit, til fredagsbøn kvar veke! Eg veit at det er fleire eldre som har blitt åleine, som saknar eit slikt fellesskap. Dette burde vi gjere noko med!
Det er gripande å lese om kristne i land der dei ikkje har lov å samlast, korleis dei prøver å finne hemelege stader der dei kan «pleie» trua si.

Det som eg har tatt fram her, vil gjere livet i alderdommem rikare og lettare å leve. Men ingen må tru at eg vil presse noko av dette inn på nokon. Men det kan vere eit godt tilbod for mange.