Takk til konduktøren Thomas

Thomas Trana er konduktør på Raumabanen  Foto: Privat

Meninger

«På Lesjaskogen ved Rånåknatten

Der ligg det raraste Noregs vatn

Or båe endar det elvar flyt

Men endå aldri den kjelda tryt»

Ja, dette diktet sto i leseboka (Andreas Austlid) då ho som no fylte 80, gjekk på skulen.

I alle år hadde ho ynskt å koma der og få sjå dette landskapet. Så når etterkomarane no skulle ta ho med på tur ein stad, vart Raumabanen målet.

Laurdag 18.sept. var me ein heil flokk som gjekk på toget på Lesja.

Og den som gjorde turen ekstra minneverdig, var den flinke, blide konduktøren me var så heldige å få på turen.

Han gjekk frå eine kupeen til den andre og fortalde om alt me køyrde forbi. Fyrst og fremst Rånåknatten, men og Bjorli, Kylling bru, Trollveggen og Setnesmoen osv.

Han hadde mange historiar på lager, og var verkeleg ein mann på rett plass.

Han greidde fengja både dei eldste og yngste av oss.

Tusen takk, Thomas!

Helsing frå 16 vossingar frå 18-80år