Leserbrev

Rauma i revers?

Varaordfører Magnhild Vik, Sp  Foto: Even Ørjasæter

Meninger

Øyvind Hovde har kort oppsummert tida med ordførarar frå Sp og Høgre slik: Sp har hatt ordførarar i 20 år, ingenting skjedde. Høgre hadde 8 år, full fart på utvikling og modernisering. Litt kort sagt.

For å fylle inn litt, kan eg opplyse om at i løpet av dei 18 åra Sp hadde ordførar, vart det faktisk bygd og utvikla både det eine og det andre rundt omkring i Rauma. Skolar i Innfjorden, Måndalen, Vågstranda og Åfarnes vart bygde og renoverte. Åndalsnes Barneskole, Åndalsnes Ungdomsskole, Rauma Kulturhus. Tilrettelegging og samarbeid om eitt av Norges finaste friidrettsanlegg. Garderobebygg ved samfunnshuset. Oppstart av merkevarebygging med snuoperasjon på Statistisk sentralbyrå sine negative kurver for befolkningsvekst i Rauma. Nordveggen. Grunnlag for eit unikt samarbeid mellom næringsliv og kommune. Åndalsnes sjukeheim. Grunnundersøkingar for Langfjordstunnellen. Utbygging ved HV 11. Store og små saker som la grunnlag for den utviklinga vi har hatt. Kanskje forsiktig pengebruk – ja. Men «ingen utvikling eller modernisering i noen del av Rauma» som Hovde skriv - Nei.

Lånegjeld pr innbyggar var av dei lavaste i fylket. Kanskje ikkje så spennande, men det skjedde då verkeleg ting då også! Betong og asfalt låg der som grunnlag for granitt, trapper og stabbesteinar.

Men dette var jo ikkje hovudsaka.

Det eg oppfattar som poenget i dette innlegget er at Torbjørn Bruaset i sitt innlegg ikkje forstår kva som er feil med Rauma kommune. Vi er rike, men brukar pengane feil. Det er ikkje helsehuset det dreiar seg om skriv Hovde. Neida, ikkje berre det seier eg. Det er fakta presentert for oss politikarar at i perioden frå 2015 til 2019 så auka antal årsverk i Rauma kommune med 55! Vi skulle samle tre institusjonar til ein, og samtidig endre helse- og omsorgssektoren slik at færre trengte plass på sjukeheim. Vi skulle spare 4 millionar i året på dette, bli meir effektive og løyse oppgåvene betre. Kva skjedde? Vi har gått minst 25 mill i overforbruk i denne sektoren kvart år bortsett frå i 2020, etter at helsehuset vart opna. Øyvind Hovde har vore med sidan 2015. Viss alt var så traurig før, kvifor endra de ikkje retninga når de hadde muligheita? Etter valet i 2011 låg alt til rette for at det no kunne bli så mykje betre. Høgre- ordføraren sa at vi skulle sette alle kroner vi fekk frå Rauma Energi på fond, slik at vi hadde råd til at «vaskemaskina rauk». Vel – med 14 mot 13 stemmer hadde det gått heilt fint å gjere det. Men vi har ikkje noko fond.

Det vi derimot har er mange flinke tilsette som no må finne seg noko anna å gjere. Sjølv om vi veit at om nokre få år vil vi trenge dei, for då stig talet på eldre som treng hjelp igjen.

Spørsmåla som vart sendt inn av underteikna og T. Rødstøl var tenkt som oppfølging av vedtaka vi har gjort tidlegare. Vi skal nedbemanne, og vi ville forsikre oss om at prosessane går som dei skal ved å få svar på noko av det vi som politikarar og folk flest som tek kontakt med oss lurer på. Vi fekk gode svar på spørsmåla, men vart litt overraska og skuffa over at diskusjonen gjekk mest rundt at vi hadde stilt spørsmåla til feil person. Dette var ein beklageleg glipp frå vår side. Men den triste konklusjonen på dette må vel vere at ikkje eingong 8 år med Høgre-ordførar kunne snu skuta.

Til hausten skal velgarane seie sitt i Stortingsvalet. Vi i Senterpartiet opplever svært god oppslutning. Vi er førebudde på sterke angrep frå Høgre, som ikkje kan eller vil ta innover seg at folk no har fått nok av denne politikken. Feilslåtte reformer som ikkje har gitt ønska effektar blir køyrt fram uansett resultat, slik som region – og kommunereform, nærpolitireform for å nemne to.

Hovde harselerer med at Sp skal ha ein reverseringsminister. For meg personleg er det ein styrke å kunne innsjå at eg har tatt feil og kanskje ta eit steg tilbake. Slik får ein betre resultat etter mi meining.