Leserbrev

Senterpartiet har ikkje klimapolitikk!

"Miljøet er for viktig til å sette by og land opp i mot kvarandre"
Meninger

Senterpartiet veks på meiningsmålingane samtidig som vi treng ein klimapolitikk som laga handling no. Det skal forhandlast mange stader etter valet og eg finn det riktig å få fram kva Sp meiner i miljøspørsmål.

Landbruk skulle ein i det minste tru at Sp hadde såpass vett på at ein kunne forvente ny politikk som hjalp klimaet. Men nei det kjøres hardt på kjøtt og mjølk og ingen signal om at landbruket skal produsere det folk vil ha, økologisk og meir frukt og grønt.

Samtidig som det fryses inn tusenvis av tonn med rødt kjøtt og anna kjøtt kjem det ingen signal frå Sp om at landbrukspolitikken må legges om. Forbrukarane seier i frå om at kjøttet som er laga av Soya kraftfôret, laga i svidd regnskog i Amazonas, vil dei ikkje ha av miljøomsyn. Helsa har heller ikkje godt av det.

Ei norsk ku skal ete opp mot 15 kilo kraftfôr kvar dag mens utmarka vår gror igjen for Dagros er ikkje i stand til å gå ute å beite. Gråkolla og Nordlandskua kan det. Dei kan og beite myra som Sp og landbruket protestera vilt imot ikkje skal kunne dyrkast lenger. Fordi ho held på CO2.

Sp-leiaren latterleggjer byfolk som kjøre elbil og syklar berre for å gjere seg populær hos dei med diesel på bygda. Det er ingen motsetnad her og på bygda vil dei snart ta etter i el teknologi på det meste. Miljøet er for viktig til å sette by og land opp i mot kvarandre. Vi treng by og land hand i hand no når det røyne på som verst for miljø og klima.

Flyprisane skal ned og likeins det å parkere på flyplassane. I følgje forslag frå Sp. Kor uansvarleg går det an å vere?

Leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim vil ikkje ha Autopass ordninga med Gratis for passasjerar på ferjene. Ho vil prioritere bilistane som kjem heilt åleine i bilen. Ikkje dei som har fylt opp bilen.

Senterpartiet vil ikkje ta i bruk ny teknologi som fremma gode miljøhandlingar hos folk flest. Dei seier nei og imens lir klimaet.