Mange eldre vistdalsdamer er framleis ikkje særleg stolte av sekkjeposen dei lagar. Kari Gyldenskog, som i følge svigersonen, er ekspert, seier det truleg har å gjere med at dette eigentleg var kvardagsmat og at det var ein måte å få brukt ein del kjøt og feitt på som elles ikkje vill ha blitt brukt.

– I dag er det noko heilt anna fordi det blir brukt mykje betre råvarer, seier Kari og viser til at ikkje minst kjøtdeig blir brukt. Mange steiker og bacon til.

Men Kari fortel altså at det tidlegare kanskje ikkje var nokon god grunn til å vere stolt av sekkjeposen. På mange vis var det ein "lapskaus" av ingrediensar ein kanskje elles ikkje ville ha servert og det var ikkje minst svært mykje feitt som var skore vekk under slaktinga.

Men frå å ha vore kvardagsmat er sekkjeposen i dag meir og meir blitt til festmat og blir i dag nytta både til konfirmasjonar og bryllup. Men Kari Gyldenskog seier ho ennå vegrar seg med å kalle det for festmat.

– Kva drikk du til?

– Surmjølk, seier Kari utan å nøle, men innrømmer at moderne matvanar og har brakt inn øl og akevitt som vanleg tilbehør.

Og Kari seier seg einig i at sekkjeposen er i ferd med å breie seg utover. Både lokalt og kanskje utover heile landet. Framleis er det nok slik at ein gjerne må ha, eller må ha hatt, ein liten fot i Vistdal for å kunne kalle seg ein skikkeleg sekkjeposekokk, men også dette er i ferd med å endre seg.

– Er det ein matrett som mannfolk kan lage?

– Nei, eg er ikkje så sikker på det, seier Kari. Svigersonen deler ikkje det synet og meiner det er slik kulturmat med gode historier at mannfolk gjerne likar å lage.

Slik. Slik ser han ut sekkjeposen. Mange slit med å skaffe seg posane som retten skal kokast i, men på Åndalsnes er dei å finne. Foto: Stein Siem