Og det er leiar for UKM i Rauma, Kirill Zimin, særs fornøgd med.

– Eg er utruleg godt fornøgd med både talet på og breidde av representerte sjangrar i UKM. Vi har hatt ei tydeleg utvikling dei siste to åra i deltakartal og representerte kulturuttrykk. I fjor hadde vi 82 påmelde, medan vi i år har 107. Det er rekord ifølgje statistikken for deltaking dei siste seks åra. Vi ser positivt framover med tanke på vesentleg satsing på ungdomskultur i Rauma, seier Zimin.

Laurdag 23. januar er det altså klart for ei historisk stor kulturmønstring på Rauma Kulturhus. Leiaren kan fortelje at det blir innslag med dans, song, musikk og kunstutstilling. I tillegg deltek fleire som arrangørar.

Eigen nettredaksjon

– Nytt av året er at det er ei gruppe som skal fungere som nettredaksjon under arrangementet. Dei skal vere reporterar og ta bilete og intervjue både deltakarar og kanskje medlemmar av juryen, fortel Zimin.

Målet for kulturmønstringa er, ifølge leiaren, å stimulere og synleggjere ungdommens kulturelle aktivitetar i kommunen.

– Vi i UKM Rauma satsar på mangfald og de ulike kulturelle ytringane i ungdomsmiljø og ungdomskultur, forklarar Zimin og legg til at dei ønskjer seg enda fleire deltakarar i åra framover.

Her er lista over dei påmelde til UKM Rauma 2016:

Sceneinnslag: 5. klassebandet ved Åfarnes skule, 6. klasse trommeband frå Åfarnes skule, Bobby Boys N Grills, Bobby Boys N Grills N Blowers, Danseverkstedet 1, Danseverkstedet 2, Egil Ytterli Tokle, Helene & Thea, Henrik og Jorunn, Ida, Jorunn og Isak, Jorunn Marie Remen, Lilja Aarø Scarfi, Olapolka, Rauma blåsure, The fabuless two, The rolling trio og Verenas

Crewl Utstilling: Benjamin Flaterudhagen Wisting, Cathrin Heggdal Sæbø, Davis Hanset Willa, Marit Sofie Sæth-Husøy og Sara Kavli Hammervoldl

Sceneteknikk: Andreas Alnes

Nettredaksjon: Ida Skjelbostad Skarshaug og Maria Franset

Arrangør: Job Den Dikken, Nikolai Larsen, Ludvig Aarø Scarfi og Renat Zimin