Skulehagen var i si tid eigd av Karen Sandnes. Då ho døydde overlet ho eigedommen med bygningar til det ho hadde håp om skulle bli eit Rødven musesum.

Og slik vart det. Museet består i dag av eit eige museumsbygg frå rundt 1980 med dei sikkerheitsinstallasjonane som trengst. Det består av eit våningshus, ei driftsbygning, eit stabbur og ein sommarfjøs som ligg på Vollstølen – oppe i randsona mellom li og fjell mellom Kvitfjellet og Skåla.

Våningshuset vart bygd i 1926 – dei andre bygningane er av eldre dato.

Alle bygga innheld gjenstandar som er vel verdt å ta vare på.

Lenge sidan oppnemning

Styret i Rødven museum er oppnemnt av Rauma kommune. Sist gongen det skjedde var i 1995. Leiar i styret var no avlidne Lars I. Hunnes. Dei to andre faste medlemmane var Jostein Hunnes og Målfrid Gjerstad; sistnemnte har sagt seg villig til å stå som kontaktperson.

Styret har nedlagt mykje arbeid når det gjeld vedlikehald av bygningar. Dei har også stått for registreringa av mange gjenstandar som er i museet sitt eige.

Men no ønskjer dei avløysing. Dei vil overføre ansvaret til Romsdalsmuseet i Molde.

I eit brev til kommunen, underteikna av nemnte Jostein Hunnes og Målfrid Gjerstad, opplyser dei at dei har vore i kontakt med Romsdalsmuseet sin leiar, Jarle Sanden, om ei overtaking. Sanden er positiv til overtakinga.

Men styret i Rødven museum vil gjerne høyre kommunen si meining i denne saka. Og det er med bakgrunn i det at dei sender brevet til kommunen – eit brev der dei inviterer representantar for kommunen på befaring.