Alle elevane i fylket får minimum fire besøk i løpet av året, fortel Johild Kosberg Bredin og ynskjer velkomen til den kulturelle skolesekken for 2014/2015.

Ho seier tilboda for dette skuleåret er av høg kvalitet og det er stor variasjon både når det gjeld sjangrar, tema og ulike former for elevmedverknad.

Kosberg Bredin fortel vidare at eit viktig prinsipp for Kultursekken er at alle elevar, same kva skule dei går på, skal få det same kulturtilbodet og viser til at kulturkompetanse er ein del av allmenndanninga.

I vidaregåande skule har elevane sjølve vore med å plukka ut tre kulturtilbod. Dei som er plukka ut er konsertar med Polka Bjørn og Kleine Heine og med Valkyrien Allstars. Dessutan forfattarbesøk av forfattaren Svein Sæther som held kåseri om ein hemmeleg helt frå andre verdskrigen.