Gjer sekkjeposen landskjent

Fascinasjon. Kva er det som får ein mann frå Halden, busett i Oslo, til å lage heimeside for den ultralokale matretten Sekkjepose?

  Foto: Stein Siem

Kultur

Matretten Sekkjepose frå Vistdal har lenge vore ein mattradisjon i den vesle bygda Vistdal. Matretten oppstod her ein gong, truleg tidleg på 1900-talet eller enno tidlegare, og var lenge godt bevart som ein rett innan bygda sine grenser. Ikkje ein gong i dei næraste nabobygdene greidde denne middagsretten å slå skikkeleg rot.

Men så har ting skjedd og no skjer det meir. Takka vere ein matentusiast og ex-journalist frå Halden og Oslo, har no sekkjeposen kome på nettet med eiga heimeside; www.sekkepose.no.

– Fordi eg har ei genuin interesse for mat og fordi eg har ei svigermor frå Vistdal og som er busett på Åndalsnes, seier Jarle Aabø som altså kjem frå Halden, men er busett i Oslo.

Og Jarle Aabø fortel at sidan han smakte sekkjepose for først gong for rundt ti år sidan, så har fascinasjonen for denne matretten berre blitt sterkare og sterkare. Så sterk at det har blitt reine lidenskapen.

Og det har med fleire ting å gjere. Tradisjonen er viktig. Historiene rundt og ikkje minst dei små variantane som rett og slett har kome med den som har laga denne maten.

– Kvar gardkjerring hadde sin eigen måte å lage sekkjepose på og det er nesten som ein kan kjenne det på smaken kven som har laga den, seier Aabø og fyller på med superlativ. Han seier matretten er ei aromabombe, at han er lett å lage og at det er noko med namnet som vekkjer stor nysgjerrigheit.



– Men ikkje særleg appetittvekkjande å sjå på?

– Nei, kanskje ikkje, men det er ikkje får i kål heller og det luktar ikkje godt ein gong. Men med gulrot og kålrot så kan sekkjepose leggjast fint opp på eit fat. Eg har jobba med mat sidan eg var 15 år og sekkjepose er det noko heilt spesielt med, nesten eit litt hemmeleg og mystisk skjær, seier Jarle Aabø og legge til at han i tillegg vil ta med at Vistdal er ei utruleg vakker bygd som osar av sterke mattradisjonar ute på gardane.

– Heimesida skal få ei gjestebok etter kvart. Her vil eg ha bilde og historier og dessutan ein engelsk versjon tenkt til folk med røter i Vistdal som kanskje bur i USA eller andre land. Og her vil eg ha oppskrifter, seier Jarle Aabø og legg til at han synest det er ekstra interessant at denne retten har overlevd i den Grandiosa-verda vi lever i i dag.



– Du synest ikkje det er litt naturstridig at det er ein kar frå Halden som lagar heimeside for sekkjepose?

– Nei, eg håpar ikkje det blir oppfatta slik. Det er med bakgrunn i ei genuin interesse og med stor respekt for alle dei som har laga denne maten i generasjonar at eg gjer dette og eg har denne sida berre til låns. Skulle det vere nokon som vil overta og drifte denne vidare så er dei hjarteleg velkomne til det, seier Jarle Aabø.