Quizduell: Kamp mellom bygder

Verdas lengstvarande konkurranse i lokalquiz starta i Rauma i 2017, og i helga går tredje av sju rundar av stabelen.

Quiz: Isfjorden, med Tiril Holm, Ronny Antonsen og Bjørn Aandal, og Åfarnes, med Ottar Rydjord, Tonje Holsbøvåg og Alf Roger Antonsen, kjempa om semifinaleplass i 2017. Åfarnes vann. Programleiar er Per Arne Skomsø.  Foto: Tormod Lien

Kultur

Verdas lengstvarande konkurranse i lokalquiz er altså inne i sitt tredje år, og åtte bygder skal konkurrere om å vinne lokalquizfinalen for Rauma i 2023. Mittet og Åfarnes har allereie sikra seg plassar i semifinalane; Åfarnes då dei slo Isfjorden i 2017, og Mittet då dei slo Åndalsnes i 2018.

I år er det altså Eidsbygda og Innfjorden som skal konkurrer om semifinaleplass i 2021 og 2022.

– Dei to første åra var det to småbygder som slo ut store bygder, og me får sjå om det berre er nordsida som vinn, seier arrangør Per Arne Skomsø på telefon.

Alternativ

– Kvart lag får tjue spørsmål, om historie, kultur, personar, kjendisar, politikarar, næringsliv, med meir, og tre svaralternativ, seier Skomsø, som også er programleiar.

Han understrekar at det ikkje blir spørsmål ifrå bygdene som deltek, slik at ingen får urettferdige fordelar.

Quizen er del av Førjulshelg i Rødven, som startar med juleverkstad og salsutstilling av husflid på laurdag, og fortset med kjøtkakemiddag og adventsandakt med Rune Singelstad på søndag.