Marte Flobergseter drøymer om å bli med på meir reality-tv

Farmen-deltakar Marte Flobergseter har lært mykje av Farmen, og vil gjerne vere med på meir reality-tv.

Marte Flobergseter har alltid vore glad i dyr. Her saman med to og eit halvt år gamle Nano.  Foto: Stig Bruksås

Kultur

Me møter Marte og Nano, ein veldig kjærleg og nærgåande to og eit halvt år gamal alaskan malamute, heime på Daugstad i Tresfjorden. Marte kjem får Lesjaskog, men har både ein far, Kjell Ådne Bruaseth, og ei halvsøster, Elise, på Åndalsnes.

Då ho var femten år gamal flytta ho frå Lesjaskog til hybel på Åndalsnes. Ho gjekk to år på studiespesialisering på Rauma vidaregåande skule, og treivst godt med både å bu og gå på skule her.

- Når ein bur på Lesjaskog må ein flytte for å gå på vidaregåande, seier Marte, og legg til at ho alltid har vore sjølvstendig.

Mor

I oppveksten har Marte kost seg med å sjå Farmen saman med mor si, Laila Flobergseter, og tenkt at om ho skulle vere med på ei dokusåpe, så måtte det bli Farmen. Ho har også alltid hatt lyst til å bu på gard, så når ho då skulle melde mor si på Farmen sendte ho også ein eigen søknad. Dei to kom begge langt i casting-prosessen, men berre Marte fekk bli med.

- Ønsket var at me begge skulle få vere med, og det hadde nok vore mykje betre for programmet.

Marte seier at dei to har same rettferdskjensle, og at dei ville gått gjennom programmet med same taktikk begge to, med å vere ærleg, og å vere seg sjølv, og sett kor langt dei kom med det.

- Eg kom jo veldig langt, så det kan jo fungere.

Juks

- Det er bittert, og det var rein og skjær juks.

Marte rauk altså ut av Torpe og dermed Farmen etter åtte veker. Ho skulle velje konkurranseforma i ein duell, og alle konkurransane var lista opp i ei bok. Men det Marte ikkje visste var at konkurrentar hadde rive ut ei av sidene, og ho var difor ikkje klar over at ho kunne velje å konkurrere i saging, ei grein ho seier ho hadde vore god på.


Forbanna

Det var Dagbladet som avslørte juksinga for ho førre fredag, og då TV2 ringte ho seinare på dagen og spurte kva ho tenkte om jukset, sat frustrasjonen laust.

- Då var eg skikkeleg sint. Eg sa eg var så forbanna at eg ikkje ville prate om det eingong.

- Du er god på saging?

- Ja, eg er det, og det var difor konkurrentane reiv ut sida.

Marte synest det er ekstra surt å vere ute no når ho veit ho kunne hatt moglegheita til å stå i finalen og å vinne ein stor premie; ei hytte og ein bil til verdi av 1,2 millionar kroner.

Psykisk tungt

Det skal ha vore mykje konfliktar i årets sesong, og Marte seier det har vore ei psykisk påkjenning å vere med. Ho føler at ho vart sett på som ein stor konkurrent, og vart stempla som hakkekylling.

- Å føle at ein ikkje er ønska, det er ganske tungt psykisk.

Samtidig har ho lært at det er viktig å vere sann mot seg sjølv.

- Eg følte at mange der inne mista seg sjølv litt.

Dyr

Marte fortel at ho alltid har vore veldig glad i dyr, og at dei vart viktige for ho på Farmen.

- Dei vart veldig viktig for meg i tunge periodar. Dei dømmer aldri, og er alltid open.

Ho har alltid vore veldig interessert i hest, og seier at ho var veldig allergisk mor dei fleste dyr fram til ho var rundt tretten år gamal, då ho plutseleg vaks av seg allergien.

- Det var heilt magisk.

Spaning

Marte vil gjerne vere med på fleire dokusåper, blant anna «71 grader nord» og «Skal vi danse». Ho arbeider som lærar, men ønsker å utdanne seg til politi.

- Eg liker action og spaning, og at det er variasjon i arbeidskvardagen, så då virka politi som eit bra yrke.

- Kva tenker du om skjebnane du kan møte der?

- No har eg jo fått ein brå læringskurve på Farmen, så eg håper eg vil takle det fint. Utfordringar tek eg på strak arm.