Butikkens jubileum blir bygdefest i Rødven

Dei er stolte rødvendalingane, når nei komande laurdag skal feire at butikken i bygda er 150 år. Dei skal kle seg i dress og kjolar og ete det dei med rette kan kalle kortreist mat.

Per Arne Skomsø, Hans Oskar Gaustadnes, Oddny Kristensen, Ingrid Hunnes og Bjørge Sæbø ser fram til å feire butikkens jubileum.  Foto: Stein Siem

Kultur

– Eg har lese og leita mykje og har ikkje funne ut noko anna enn at butikken i Rødven er den eldste butikken i landet som har vore driven samanhengande sidan 1869, seier Per Arne Skomsø som nyleg har avslutta arbeidet med ei historiebok om den 150 år gamle historia til Rødven handelforening. Skomsø skal halde eit kåseri under festen komande laurdag der han ser for seg Ivar Stangenes ein tidleg maidag i 1869 der han sit og ser på at folket må ut av bygda for å finne ein butikk der dei kan handle.