Vandra på historiske stiar

– Dette har med identitet å gjere og å bli betre kjent med det som skjedde i bygda før i tida, seier Astri Valle Hamre som er styreleiar i Korsbakken bygdelag.

Hans Petter Gjerdset var ansvarleg for kulturvandringa og kunne glee seg over godt og vel 50 frammøtte ved sjøen i Torvik.  Foto: Stein Siem

Kultur

Sist søndag møtte over 50 personar på vandring i regi av Korsbakken bygdelag. Ei historisk vandring i eigne bygderøter.