Ein tysk feriekoloni i Måndalen

– Åtti til nitti prosent kjem frå Tyskland, seier Odd Inge Farkvam.

På småbåthamna stirer ein skokk med born ned i det grunne vatnet. Dei har hatt fiskelukke med håv og pilkestikke, og ein svart balje rommar nokre meir eller mindre medtatte fisk av storleik liten til minst.  Foto: Stig Bruksås

Kultur

Det er ei kjekk oppleving å svinge ifrå den travle E136 og inn på Måna Camping. Larmen ifrå vegen blir straks borte, og eit døsig samfunn som på eit vis minner om ein indianar- eller nybyggarlandsby trer fram. Det yrer av avslappa aktivitet, og samtalane mellom pensjonistar, barnebarn, nokre foreldre, og ein og anna malplassert tenåring, går på tysk.