Anja får høgthengande nynorskpris

Rauma Mållag sin målpris heng så høgt at den ikkje vert delt ut kvart år.

Anja Dahle Øverbye får prisen i 2019.  Foto: Privat

Kultur

– Det er difor ei stor glede å kunne fortelje at Rauma Mållag har funne ein verdig vinnar av målprisen for 2010, skriv mållaget i ei pressemelding.

Rauma Mållag sin målpris for 2019 går til Anja Dahle Øverbye frå Åfarnes:

– Anja Dahle Øverbye har markert seg som ung, god og kompromisslaus brukar av nynorsk. Ho har gjennom sitt arbeid som teikneserieskapar sett nynorsken på agendaen og vore ein god rollemodell. Ho har ei ung og tydeleg nynorskstemme, skriv foreininga-

Innsats for å fremje

I styret for mållaget sitt Anne Mette Korneliussen, Else Marie Sæbø, Einar Gridset, Edel Rydjord-Jensen, Anne Øien og Sølvi Heggem Lundin.

Prisen skal gå til ein eller fleire personar eller lag som gjer ein innsats for å fremje nynorsken, og som over tid har nytta god nynorsk.

Feirast med skulebesøk

Målprisen 2019 vert delt ut tysdag 3. september. Dagen vert feira med skulebesøk, bokbad og utdeling av Rauma Mållag sin målpris 2019 på Sødalhuset.

– Forfattaren, illustratøren og teikneserieskaparen Anja Dahle Øverbye vil ta oss med inn i si litterære verd. Det vert også tale av prisvinnaren og musikk ved Svein Gunnar Rydjord, fortel mållaget.

Tidlegare vinnarar

  • 2008: Else Marie Sæbø og Bjørn Sæbø

  • Asbjørg Baldersheim

  • Christel Siem og Mads Langnes