Elevar frå Åndalsnes barneskole på historiske stiar: – Omgitt av gåver

– Slik som pilegrimane er vi omgitt av gratis og verdifulle gåver. Regn, sol, fuglesong, og det vi kan gi kvarandre - som eit smil, eit vennleg ansikt eller ei hjelpande hand.

Pilegrimsvandringa som 6. klassingane ved Åndalsnes barneskole var med på sist torsdag både starta og slutta ved Grytten kyrkje, og ei rekke tema vart teken opp på vegen rundt Setnesmoen.  Foto: Stig Bruksås

Kultur

Saman med presten Petter Dahle, diakon Emy Benjamins og trusopplærar Alvhilda Mivhelsen har 6. klasse vandra langs dei same stiane som dei tidlegare tiders pilegrimar gjorde.