Kjem til Rauma i haust

Kjell Magne Bondevik kjem med foredraget «Verdensledere jeg møtte og hva jeg lærte av dem».

Kjem til Rauma: Tidlegare partileiar og statsminister, Kjell Magne Bondevik, kjem til Rauma i september.  Foto: Ole Martin Wold / NTB Scanpix

Kultur

Det er Christelfondet som melder at dei får tidlegare partileiar og statsminister, Kjell Magne Bondevik, på besøk til hausten. I ei pressemelding skriv Christelfondet at Bondevik kjem til Rauma kulturhus ei veke etter valet i september. Der vil han ikkje minst snakke om kor viktig det er å trygge og ta vare på demokratiet, både lokalt og internasjonalt.