Arbeider med si tredje bok: Bok om skulestart til skulestart

– Ja, mitt eige liv har alltid vore utgangspunktet i bøkene mine til no, seier Anja Dahle Øverbye.
Kultur

Det er ein utfordrande skulestart for sonen Edvard som har gitt inspirasjon til og har vore utgangspunktet for Anja Dahle Øverbye (37) sin tredje roman. Ho fortel til Åndalsnes Avis at ho no er så godt som ferdig med illustrasjonane til boka og at arbeidet med tekst blir intensivert like over nyttår. Boka skal kome ut til skolestart på hausten neste år.