625.000 kroner til biblioteka i fylket

Målet er å få folk til å erstatte nokre av skjerm-minutta med lesing.

Sondre Mula Myhre er biblioteksjef i Rauma. Det er eit av biblioteka som vil dra nytte av pengane.   Foto: Stine Vandevjen Olsen

Kultur

Møre og Romsdal fylkeskommune er løyvd 500 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket til ei lesekampanje i biblioteka i Møre og Romsdal neste år. Kampanjen har fått namnet «Bok på veg», og målet er å få folk til å erstatte nokre av skjerm-minutta med lesing i Bokåret 2019. Det er kulturavdelinga  som har søkt midlane på vegner av 31 folkebibliotek.

- Mykje av den tida vi ein gong fylte med å lese bøker, er no erstatta med tilfeldig blaing på skjermen. Den digitale kvardagen er komen for å bli, men vi trur også at mange ønsker seg eit dytt i retning av noko meir saktegåande og stimulerande å bruke ledige timar og minutt på. Derfor ønskjer vi å skjerpe fokuset på litteraturen i Bokåret 2019, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.

Vil samle folk til samtale

Kvar månad vil eit nytt lesetema bli løfta fram med felles marknadsføring i «Bok på veg». Biblioteka i fylket kjem til å markere desse på ulike vis og i ulikt omfang.

- Det finst alt for få høve til å kome i prat med kvarandre på ein uforpliktande måte i vårt samfunn. Målet vårt er å syne fram biblioteket som den opne møteplassen det er, og la samtalen flyte fritt rundt eit tema som interesserer mange. I januar startar vi til dømes med temaet «Reise», der vi tipsar om gode reiseskildringar og bøker om å vere på farta. Så håpar vi mange lesarar har lyst til å ta del i ei hyggeleg stund der dei kan velje å lytte til andre sine leseopplevingar eller fortelle om sine eigne, seier rådgivar og prosjektleiar ved fylkesbiblioteket Bjørn Vatne.

- Glade for tildelinga

I tillegg har dei tre storbybiblioteka i Molde, Kristiansund og Ålesund fått 125.000 til eit eige prosjekt knytt til Tom Stalsberg og Lars Saabye Christensens «Men Buicken står her fremdeles».

Vidare skal midlane mellom anna gå til forfattarmøte i biblioteka, skrivekurs, novellekonkurranse, og ein antologi med forfattarar frå fylket.

- Møre og Romsdal fylkeskommune er glade for tildelinga og vi ser fram til å følgje dei ulike aktivitetane det er lagt opp til i 2019, seier Wedlog Olsen.

Har «luket ut» over 1.000 barnebøker

– En viktig og naturlig del av jobben vår, sier biblioteksjefen.