Det fortel Anja Dahle Øverbye som i dag er busett i Kongsberg. Anja er vaksen opp på Åfarnes og ho fortel at ho no tør å kalle seg forfattar etter ho både har fått skrivestipend, gode omtalar av bøkene sine og ikkje minst akkurat er ferdig med bok nummer to.

– Boka er laga på same måte som Hundedagar, mi første bok. Som ein teikneserieroman, fortel Anja. Handlinga handlar om det å vere student i Bergen, noko Anja sjølv har vore.

– Ja, mykje er bygd på eigne erfaringar. Det handlar om det å vere student og det å bli vaksen og dei utfordringane dette inneber, seier Anja og legg til at det vil kome ei melding om boka i Dagbladet denne veka. På nett har det vore fleire omtalar som Anja har opplevd som svært positive.

– Reiser du no mykje rundt på festivalar og slikt?

– Det er festival i Oslo til helga, men elles ikkje. Det er litt for tidleg enno.

– Håpar du å høyre frå Bjørnsonfestivalen i Molde?

– Ja, det hadde vore kjekt med eit spørsmål derifrå.

– Sist var du mellom anna på skulebesøk i Rauma. Kan det vere aktuelt på nytt?

– Denne gongen er innhaldet meir mynta på vaksne i alderen etter vidaregåande skule. Slik sett kanskje ikkje så aktuelt i Rauma denne gongen.

– No er altså Anja Dahle Øverbye ein etablert forfattar?

– Ja, eg må seie det. Eg er no i gang med mi tredje bok og det er eit barnebokprosjekt.

– Som teikneserie?

– Nei, dette blir nok ei bildebok. Og så må eg få fortelje at eg har vore med på å starte eit forlag. Det jobbar eg og ganske mykje med, seier Anja Dahle Øverbye.