Brit Amdam er instruktør i Rauma seniordans. I helga danser dei i sentrum:

– Kva skal du gjere i helga?

– Vi i Rauma seniordans skal danse i sentrum. Og eg er svært oppteken av at vi må rekruttere fleire dansarar. Det er ein myte på Åndalsnes at alle må være så gamle for å vere med. No er situasjonen at alle dei aktive som var med å starte opp for 14-15 år sidan, i dag er eldsjeler som tek til å bli gamle og somme gir seg. Seniordansen er internasjonal og er for alle, både menn og kvinner. Det er ein viktig aktivitet for folk som bur her, men no er rekrutteringa så dårleg at heile gruppa står i fare for å bli lagt ned. Det må vi gjere noe med. Vi vil ha fleire nye med og vi vil ha fleire som vil ta kurs for å bli instruktørar.

– Kva er ei god helg for deg?

– Det er ei helg der familien kan vere i lag og vi kan gjere noko i lag. Gå ein tur i lag for eksempel. Og at vi alle får vere friske.

– Kven imponerer deg?

– Flinke folk på trekkspel imponerer meg. Det synest eg er fantastisk å høyre på.

– Kva kunne du ha tenkt at det vart skrive meir om i Åndalsnes Avis?

– At de tek vekk værkartet på siste side og bytter det med helsingar og gratulasjonar. At folk får kome til ordet med sitt og vise seg fram. Været kan folk finne andre plassar og folk brukar Yr.no. Då blir det heilt feil å bruke siste sida på eit stort værkart..

Brit Amdam: Instruktør i Rauma seniordans. Foto: Evy Kavli