– Det er over 35 år sidan eg sydde den første til Aina, dotter mi. Og Aurora er det siste jentebarnebarnet, seier Jorunn. For om tida snart skulle vere komen for at ho får oldebarn, seier ho at det må eventuelt foreldra ordne opp i sjølve. Stive skuldrer og eit ikkje lenger like godt syn set ein stoppar for at det blir fleire.

Og heile bunadseventyret starta for 37 år sidan då det vart arrangert kurs i bunadssaum på skulen på Mittet. Jorunn tok det kurset fordi ho så gjerne ville ha Aina skulle ha eigen bunad til konfirmasjonen. Bunad vart det og ei stolt mor kunne sole seg i glansen over ei dotter som vart konfirmert i flunkande ny og heimesydd Bolsøybunad.

Lang pause

Men åra gjekk og Jorunn la eigentleg heile hobbyen på hylla heilt fram til at barnebarnet Lena skulle konfirmerast for rundt 10 år sidan. Då var det bestemor Jorunn som på nytt hadde fått lyst til å trø til, - og så lenge konfirmanten også hadde lyst, vart det nytt kurs og ny bunad.

– Eg måtte friske opp att det eg hadde lært kan du skjønne. Det var mange år sidan sist, fortel Jorunn. Ho kunne dessutan halde fram med ambisjonen fire år etterpå då det var barnebarnet Heidi sin tur og no ser Aurora i Børsa ut til å bli den siste.

– Eg begynner nok rundt eit år før, seier Jorunn før ho held att med å fortelje at ho syr rundt rekna to timar for dag eller i overkant av ti timar i veka før det heile er ferdig med eit årsverk på godt over 500 timar.

– Eg har aldri rekna timar og for meg er ikkje dette arbeid. Det er handarbeid og ein hobby eller eit handarbeid skal ein ha, seier ei svært beskjeden bestemor og legg til at det er viktig for henne å ta det med ro og rekne seg god tid slik at det ikkje blir stress. Når det gjeld 11. mai, har ho full kontroll. Skjorta er ferdig og no er ho meir enn halvvegs på skjørtet. Om ikkje så alt for lenge kan det heile sendast til montering.

– Det gjer eg ikkje sjølv, men det er fleire flinke damer rundt omkring og denne er det Inger Berg som skal montere, fortel Jorunn ikkje minst for å slå fast at det er eit skikkeleg kortreist og tradisjonsrikt produkt vi snakkar om og ikkje noko importerte greier frå eit lågkostland i Afrika eller Asia.

– Konfirmasjon i Børsa? Er det trønderbunad du syr på no?

– Nei, det kunne eg ikkje ha gjort, for det kan eg ikkje. Aurora si mor er frå Kleive og har Bolsøybunad. Slik vart det Bolsøybunad denne gongen og.

Jorunn har arbeidd både ved Kolflåths konfeksjonsfabrikk på Åndalsnes og ved Solhjells konfeksjonsfabrikk på Molde i sine yngre år, men begge deler var industrisaum. Interessa for å sy for hand vakna eigentleg med kurset og målet om å lage bunad for 37 år sidan.

Kvar dag

– Eg set meg i grunnen ned etter at eg er ferdig med husarbeidet og kanskje har gått meg ein liten trimtur. Då blir det kanskje eit par timar. Mannen Kjartan sit i sofaen og humrar litt. Han meiner det gjerne blir meir kvar dag.

Men Jorunn nølar ikkje med å innrømme at 73 år har sett sine spor. Ho blir stiv i nakkemuskulaturen om ho blir sitjande for lenge og trass i briller, må det sterkare lut til om ho skal greie å få det detaljerte arbeidet fint. Ei stor lupe med lys er eit viktig og heilt nødvendig hjelpemiddel for å få det til.

– Trur du folk skjønnar kva arbeid som ligg bak?

– Ja, dei som har litt greie på sying skjønnar det nok. Og eg veit at jentene som har fått seg bunad veit ein del om det. Dei har sett kor mykje eg har halde på, seier Jorunn og er litt lei seg fordi ho trur at dette er både ein kunst og ein tradisjon som ganske sikkert kjem til å bli borte. Ho trur ikkje at det hadde vore mange unge damer, eller menn for den saks skuld, som hadde meldt seg på om det vart arrangert kurs på Mittet i dag.

– Men står bunadstradisjonen framleis sterkt til dømes her på Mittet?

– Ja, det vil eg seie. Dei aller fleste jentene får ny eller arvar ein bunad til konfirmasjonen. Så blir den heller sydd ut til vidare bruk gjennom livet, smiler Jorunn og legg til at dei fleste bunadane er fint brukte då det stort sett berre er til 17. mai, konfirmasjonar og bryllaup at dei blir brukt.

– For meg er det ein stor motivasjon når eg veit at ”jentene mine” blir glade for å få sin eigen bunad. Og så er det kjekt å kunne føre vidare ein god tradisjon. Heldigvis er eg ikkje åleine om det. Det er framleis mange rundt omkring som syr, seier Jorunn vel vitande om at konfirmasjonen til våren er under kontroll. Men den fjerde blir altså den siste. Det er Jorunn heilt sikker på.