Vestnes: Anbefaler munnbind og innfører raudt nivå på skulane

Det melder Vestnes kommune i en pressemelding tirsdag morgen.

Totalt 11 personar har fått påvist koronasmitte i Vestnes dei siste dagane.   Foto: Stein Siem

New Articles

På grunn av smitte i kommunen anbefaler kriseleiinga i Vestnes bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport i Vestnes kommune. Samtidig innfører dei raudt nivå på skulane.

- Kommunen kjem med ei sterk anbefaling om at alle bør bruke munnbind når dei er på butikkar/kjøpesenter eller reiser kollektivt. Vi anbefaler bruk av munnbind når ein elles ikkje klarer å halde minst to meter avstand til andre, skriv dei i meldinga.

Kommunen innfører frå 6. april t.o.m.14. april raudt nivå på alle skulane. Dette gjeld barneskulane, ungdomsskulane, Gjermundnes vidaregåande skule og vaksenopplæringa.

Skulane føl rettleiaren til UDIR.

- Alle bør begrense sosial fysisk kontakt i størst mogleg grad.

Laurdag kom meldinga om at fire personar i Vestnes var smitta. Søndag vart det klart at og fem nærkontaktar er smitta.

Vestnes kommune har testa 37 nærkontaktar knytt til dei fem som fekk påvist smitte søndag. Testresultata viser at ytterligare to personar har fått påvist covid-19.

- Alle nærkontaktar til dei smitta er kontakta og sett i karantene. Dei vil bli testa i morgon, skriv kommunen måndag.