Noregs Mållag: - Det vil vere med å senke kompetansen i nynorsk

Noregs Mållag kommenterer dei nye læreplanane i ei pressemelding.

Magne Aasbrenn.   Foto: Noregs Mållag

New Articles

Måndag la kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) fram dei nye læreplanane som skal tas i bruk frå og med skoleåret 2020.

I ei pressemelding skriv Noregs Mållag at læreplanen bryt med eigne intensjonar:

- Regjeringa kjem no, berre månader etter at dei har lansert ei offensiv språklov, med ein læreplan som klart bryt med sine eigne intensjonar i språkpolitikken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Dei skriv vidare at regjeringa fjernar både eigen halvårsvurdering med karakter i sidemål i 8. og 9. klasse og på vg 1 og vg 2, samstundes som skal det vere lågare krav til sidemålskompetansen i sluttvurderinga.

- Det vil vere med å senke kompetansen i nynorsk som sidemål i samfunnet og å auke språkskiftet frå nynorsk til bokmål i vidaregåande, slår Magne Aasbrenn fast.

- Så er det heldigvis slik at elevane framleis skal ha halvårskarakter og standpunktkarakter i sidemål i 10. klasse og vg3, og det skal framleis vere eksamen i sidemål slik som i dag, seier Magne Aasbrenn.

- Det er også bra at elevane skal byrje skriveopplæring i sidemål tidlegare enn før.