Innfjorden: Kvinne i 70-åra omkom i bilulykke

Ei kvinne i 70-åra omkom i ei alvorleg bilulykke i Innfjorden fredag kveld. Ho vart erklært omkomen på ulykkesstaden. Ei anna kvinne på same alder, som var i same bilen som den omkomne, er kritisk skadd.

Tre personar og to personbilar var involvert i trafikkulykka på E136 i Innfjorden ved 18.30-tida fredag kveld. Natt til laurdag meldte politiet at ei kvinne omkom etter skadane ho pådrog seg i ulykka.  Foto: Arnt Øyvind Siem

New Articles

Ulykka skjedde ved 18.20-tida fredag kveld i 60-sona på E136 i sentrum av Innfjorden.