Rauma-butikkar har fått over 800.000 kroner i statleg støtte

Fekk investeringsstøtte frå det statlege programmet Merkur, Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt program for utvikling av distriktsbutikkar.

Kaia Landhandel på Åfarnes er ein av tre Rauma-butikkar som har fått statleg støtte gjennom Merkur-programmet i 2020.  Foto: Even Ørjasæter

Næring

I eit brev frå Distriktssenteret til Rauma kommune, kjem det fram at tre nærbutikkar i Rauma har fått til saman over 800.000 kroner i investeringsstøtte frå Merkur-programmet i andre halvdel av 2020.