Fylkestinget har sett av 10 millionar til reiselivet. Slik skal pengene brukast

-Møre og Romsdal skal framleis ha opplevingar å selje når marknaden opnar igjen, seier leiar av kultur, næring- og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter i ei pressemelding.

- Men sidan mange nordmenn kjem til å droppe utanlandsferien i år, er dette også ein god moglegheit til å lokke flest mogleg til Møre og Romsdal for å sjå og oppleve alt det fantastiske som vi har å by på, seier Krogsæter.  Foto: Evy Kavli

Næring

Fylkestinget vedtok 21. april å sette av 10. millionar kroner til utviklingstiltak i reiselivsnæringa. I møte tysdag har kultur- næring og folkehelseutvalet bestemt korleis pengane skal brukast. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.