Innovasjonsfestivalen

- Design handler om å sette mennesket i sentrum

Enkelheit, mot og empati var stikkord då designtenkar Pedro Janeiro heldt foredrag om innovasjon i organisasjonar på Innovasjonsfestivalen.

Designtenkar Pedro Janeiro hadde mykje å lære vekk om korleis ein kan innovere, og utvikle gode produkt og tenester.   Foto: Stig Bruksås

Næring

Salen var full då designtenkar Pedro Janeiro hadde foredrag om innovasjon på Innovasjonsfestivalen onsdag. Tittelen på foredraget var, omsett frå engelsk, «ti barrierar for innovasjon i organisasjonar», og handla om korleis ein kan bryte gjennom dei forskjellege barrierane som hindrar innovasjon, og dermed endring og potensiell vekst.