Sette omsetningsrekord på nyopninga

For 36 år sidan denne månaden opna klesbutikken Classic i sentrum. No utvida butikken for andre gong, og gode kundar sørga for omsettingsrekord på nyopninga.

Classic har utvida frå 150 til 200 kvadratmeter, og også fått nokre nye klesmerker.  Foto: Stig Bruksås

Næring

Gunn Bjørnøy Lie og May Kristoffersen er to av kundane som er innom torsdag formiddag, og medan Bjørnøy Lie prøver ein elegant oransje strikkagenser ser også Kristoffersen seg om etter nye haustlege inspirasjonar.