– Vil jobbe for at endå fleire vil overta gard og bli bønder

Raumabonden Anna Håland Berget (37) med millioninvesteringar på heimgarden, styreverv i Bondelaget og stort engasjement for norsk landbruk og matproduksjon.

modernisering: – Me investerer rundt 6,5 millionar kroner på ei modernisering av drifta ved garden. No blir det snart mjøkerobot, lausdrift og 37 mjølkekyr her på Høljenes Nordre.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Næring

– Då eg tok over garden vår for tre-fire år sidan, sa eg ja til å gå inn i det lokale bondelagsstyret for å få endå meir kunnskap om faget og næringa, men ikkje minst for å bli kjent med fleire bønder i Rauma, seier Anna Håland Berget (37) til Åndalsnes Avis.