Mittetdalingen Emil Dahle er vel eigentleg på heimebane når han spring ut på Aker stadion i Molde søndag kveld. På tribunane sit store delar av familien og andre bygdefolk frå Mittet for å sjå om Emil og Start har sjanse mot Molde.

Tante Lillian Dahle kan fortelje at oppslutninga om Emil er stor i slekta og at eit tjuetals supporterar frå Mittet vil ta turen på søndag. Emil Dahle legg ikkje skjul på at det er noko spesielt å kome til Molde og spele tippeligafotball på «heimebane».

For det første fordi mamma og pappa og mange frå slekta er på plass og for det andre fordi det var i Molde at fotballkarrieren tok av før han gjekk til HamKam og til Stabæk.

– Det blir nok vanskeleg for slekta å velje lag i denne kampen, ja, seier Emil. Men no er altså mittetdalingen i Kristiansand og Emil seier han er glad for klubbskiftet. Han meiner det var viktig med tanke på få spele fleire kampar på toppnivå.

– Har de sjanse mot Molde?

– Vi spelte veldig bra mot Rosenborg i Trondheim og kunne ha fått eit poeng der. Ja, med flaks og med godt spel opp mot vårt beste, så har vi sjanse på poeng. Men ein vanskeleg bortekamp er det. Kanskje det vanskelegaste i løpet av sesongen.

– Det blir ein spesiell kamp for meg. Og eg vil legge til at eg set stor pris på den støtte eg har i familien. Det blir stas med så mange på tribunane, seier Emil Dahle.