Alf Vee Midtun som er ein av mange som set kursen mott Lillehammer og Birken komande helg.

Alf meiner det er færre frå Rauma i år enn før, ikkje minst fordi helga fell saman med palmehelg og påskeferie.

– Korleis ladar ein løpar som du opp til Birken?

– Med mykje stress på arbeid, ler Alf Midtun og legg til at han reknar seg som ein aktiv mosjonist som held seg ganske bra i form.

Det gjer han med rulleski utover hausten og to til tre turar på ski gjennom vinteren.

– For meg er dette ein rein hobby og ein fin måte å halde kroppen ved like på, seier Midttun. Han fortel at det no er fjerde gongen han er med og at han brukar Birken mest for å ha eit mål for sesongen.

– Kva mål har du sett deg?

– I fjor kom eg i mål på litt over fire timar. Eit mål bør vere å kome like under fire. Men vi på vårt nivå er svært avhengige av været og kor gode ski vi har.

– Du har ikkje eige smøreteam?

– Nei, må smør skiene sjølve, men har med erfarne folk i gjengen som sikkert kan bidra med gode råd. Så veldig vanskeleg er det ikkje å smørje ski heller, seier Alf Vee Midtun.

– Vi brukar buss både av praktiske og sosiale grunnar, seier Heidi Skaug som organiserer bussturen til Rena.

Ho fortel at rundt 10 frå Rauma deltek i år og at det er skuffande lite i høve til tidlegare år.

– Og så bur vi saman på Deset skule på Rena der vi får kjøpt mat om kvelden og der vi prøver å få sove nokre timar før vi skal opp i halv fem

– femtida og køyre buss til starten. Heimturen frå Lillehammer er alltid veldig kjekk på bussen, seier Heidi Skaug.