– Eg gler meg, seier 12 år gamle Tora Skiri. Om få dagar hektar nemleg familien campingvogna på bilen og reiser til Lesja. Allereie på søndag skal Tora skyte sine første skot under årets landsskyttarstemne.

Tora var med for første gong i fjor i Sandnes og hugsar det spesielt godt som ei våt oppleving i kraftige regnbyer. I år vil ho helst ha fine skytetilhøve for å kunne gjere det best mogleg i sitt andre landsskyttarstemne.

– Eg trenar ein gong i veka. Av og til må skyting vike for fotball og av og til må fotball vike for skyting. Men landsskyttarstemnet er veldig artig. Der kan vi handle i boder og vi kan ikkje minst bli kjent med nye folk. Vi skal bu på skyttarcampen i lag med mange andre, fortel Tora og legg til at både ho, bror Brage og pappa Jørn Ole skal skyte.

– Det blir skyting kvar dag på minst ein i familien, fortel Tora som har hatt gode resultat no like før turen går til Lesja.Tora er ganske sikker på at det er stor skyteinteresse i familien som gjer at også ho no har blitt svært så ivrig. Ho har alltid vore med pappa på trening og fekk begynne å skyte ganske tidleg.

– Kva mål har du sett deg denne gongen?

– Eg vil gjere alt rett slik eg har lært og så får resultata kome. Eg skal gjere mitt beste og vere flink til å konsentrere meg og ikkje tenke på så mykje anna når eg skal skyte, seier Tora som er ei av rundt 40 deltakarar frå Rauma.

Stemnet startar med opningsseremoni komande fredag.