Møre og Romsdal fylkeskommune har initiert prosjektet "Jenteløftet i fotballen i Møre og Romsdal 2018 – 2020".

Fylkesrådmannen har sett av 500.000 kroner per år i perioden 2018-2020 til prosjektet. Sentrale samarbeidspartar er Nordmøre og Romsdal fotballkrets, Sunnmøre fotballkrets og Møre og Romsdal idrettskrets.

- Dersom fleire jenter fortsett å spele fotball, kan det bidra til sterkare forankring i lokalmiljøa. For desse jentene kan eit godt tilbod bremse flytting frå fylket, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen på Fylkeskommunen sine heimesider.

Møre og Romsdal har i 2017 hatt tre mannlege eliteserielag. Blant kvinnene har vi fem kvinnelag på nivå tre, og ingen lag på dei to øvste nivåa i Noreg. Jenteløftet har som mål å få fleire jenter til å spele fotball lengre. Der ein av fem gutar i fotballen forsett å spele etter fylte 16 år, er den same delen for jenter ein av ti.

- Prosjektet skal også medverke til å skape varig endring i haldningar til jentefotball og det skal bli kunnskap om jentefotball. Det er også eit mål å få fleire jenter til å ta trenarkurs og  fleire jenter engasjert på leiarnivå.