Marian Aas Hansen reiser landet rundt og held konsertar saman med lokale storband. Det har ho gjort i over eit år og etter konserten med Åndalsnes storband på laurdag, har den landskjente artisten full av gode ord.

– Eit veldig bra amatørband, seier Marian Aas Hansen til Åndalsnes Avis like etter at konserten er over og ho har gjort unna salet av plater til eit begeistra publikum.

Marian Aas Hansen trekkjer spesielt fram musikalsk leiar Halvor Holm og ho er full av lovord om talentet til trommis Jonas Larshus.

– Han er ein komet som kan bli veldig god, seier Aas Hansen og nemner og Torkil Klami og Kiril Zimin på lista over musikarar i bandet som framheva seg.

– Åndalsnes storband er eit godt band med flinke og disiplinerte folk. Det har berre vore ei stor glede for meg å samarbeide med dei, seier Aas Hansen og legg ikkje skjul på at det på mange vis er eit stunt å lage ein konsert der tida til å øve saman er rundt eit døgn før konserten.

– Men det er i grunnen dette som er artig. Her handler det om å kaste seg uti, både for meg og det lokale bandet, seier Marian Aas Hansen.