– Vi hadde lyst til å finne på noko nytt, seier lokal leiar for TV-aksjonen, Marit Hjertviksten. Allereie under det første møtet i styringsgruppa kom ideen om å lage ein auksjon på lokale opplevingar og dermed var ballen rulla i gang. Privatpersonar og bedrifter har blitt kontakta og svaret har berre vore ja, ja og ja, ifølge Marit Hjertviksten som no kan presentere ei lista på heile ti opplevingar som det blir sjanse til å by på.

Og auksjonen er like enkel som den er genial, meiner aksjonskomiteen og håpar folk vil by godt på dei «pakkene» som auksjonen tilbyr. Summen vil gå uavkorta til TV-aksjonen.

– Folk kan no begynne å by og det er mogleg å by heilt fram til aksjonsdagen på søndag. Vi vil helst at dette skal skje på Facebook, men opnar for at dei som ikkje er på Facebook kan ringe inn bud via sms på telefon 9810 9570 til meg, seier Marit Hjertviksten og legg til at målet er at dette skal rekordsummar i kassa frå Rauma.Og det du kan oppleve og vere med å by på er følgjande:

– Haustlunsj for to på Sødahlhuset

– Middag for to på Grand Hotel med Humorgallaen på Rauma Kulturhus.

– Tre retters lunsj for åtte personar laga og servert av elevar ved Rauma VGS.

– Kunstnar for ein dag med Gunn Nordheim Morstøl

– Mannekeng på Woldstad Gård. Dato: 22.11.

– Signert trøye frå Molde fotballklubb.

– Ekstraordinær køyretur med sjåfør Arne Langseth i ein Nash 1930-mod, 7-setar.

– Ugløymeleg tur med Tony Hattrem i spesiell truck.

– Overnatting for to i amerikansk truck, samt frukost på Hotell Aak.

– Stall Moa- hesteoppleving for to personar.

– Auksjonen starta i går ettermiddag, så det er berre å begynne å by, seier Marit Hjertviksten.