Ein utekveld på Grand vart eit vendepunkt for 37 år gamle Wenche Åsegg Moen. Eit par glas raudvin i blodet gjorde at ho hadde den impulsiviteten som skulle til. Utan at det på nokon måte var planlagt, tok ho kontakt med dåverande leiar i Raumarevyen, Jan Inge Holm. I løpet av den korte samtalen, ville Wenche bli ein del av den lokale revyen og revyleiar Holm tok henne på ramme alvor. Nokre dagar seinare vart Wenche invitert til eit kveldsmøte.

Kroniske plager

– Eg har alltid kjempa for å bygge meg eit liv der eg kan fungere, fortel Wenche og snakkar om ein kronisk og svært samansett sjukdom som gir både vonde ledd, ryggprolaps og ikkje minst dårleg sømn. Så dårleg at ho fortel at ho ikkje har sove godt sidan 1992 og eigentleg ikkje før det heller. Allereie i barndommen merka ho at kroppen ikkje var med slik han skulle vere og at det ikkje var lett å vere oppveksande ungjente. Det var både mangt og mykje ho ikkje kunne gjere eller vere med på. Ikkje vart ho tatt skikkeleg på alvor heller, i høve plagene ho hadde.

Prøver å skjule

– Er det ein ting du blir god på, så er det å late som om du er frisk, seier Wenche etter mange år med kroniske plager.

For det er det ho meiner livet har vore brukt til. Til å late som, og til å prøve å finne løysingar som kunne gje livet mest mogleg meining.

– Ja, for på ein liten plass som Måndalen, eller Rauma for den del, kjenner ein seg ganske fort stigmatisert og udugeleg når ein ikkje kjem seg i gang om morgonen, når natta har vore så dårleg at sømnmangel og smerter gjer ein normal arbeidsdag umogleg.

– Folk forstår ikkje, og det kan vi heller ikkje vente. Ikkje ein gong legar og helsevesen skjønnar nok om kva dette inneber, seier Wenche som heile livet har fått råd om å trene. Trene seg sterk og med det bli frisk. Og det har ho prøvd utan å merke framgang. Snarare tvert om.

– Det er ikkje mange som har sett meg på veg på fjellet der eg har lagt meg i lynget for å kvile og der turen ned att kjem over meg som ei stor kvie. Nesten ingen har sett meg når eg treng dagar etter slike trimturar berre for å kome attende til hektene.

Wenche fortel at ho lenge har hatt god dialog med Nav som sjølvsagt ville ha henne ut i arbeid. 1. november i fjor løyste det seg med aksept for 80 prosent ufør og 20 prosent klar for arbeidsinnsats.

– Eg skjønnar at Nav vil ha folk ut i arbeid. Det skulle berre mangle. Og det er ikkje noko eg heller vil. Eg går heile tida med ein trong og eit ønskje om å greie det andre greier, men det blir mange nederlag når ein ikkje får det til.

Wenche fortel om då ho var på Muritunet i Valldal på rehabilitering og då ho bestemte seg for at det var må tirsdagar ho skulle vere sjuk då ho kom attende heim. Då skulle ho gje seg sjøl ein heil dag til å kvile og ta seg inn att for kunne stå på dei andre dagane. Ganske fort vart det derimot fleire kviledagar i veka. Fibromyalgi er namnet på alle desse utfordringane.

Men det var noko med fellesskapet og miljøet i Raumarevyen som hadde sett Wenche på eit spor. Ho hadde lenge sysla med å skrive tekstar, men aldri vist dei til nokon. No skulle ho ta mot til deg og etter tre eller fire kveldar i revymiljøet, tok ho den første teksta med seg. Ikkje lenge etterpå var ho også stimulert til å bli aktiv på scena og ikkje berre i kulissane.

– På ei scene får du høve til å vere alle andre enn deg sjølv og i eit revymiljø er vi alle like. Stilling og rang er ikkje noko tema. Det same gjeld publikum. Alle kjem for å sjå revy. Vi er eit talerøyr for alle samfunnslag, seier Wenche for å forklare den magnetiske krafta det har hatt på henne. Ho fortel om sosial aksept, ei etterlengta flukt frå kvardagen og publikums latter som det største komplimentet det går an å få. I hektiske revyperiodar går kroppen på adrenalin og sterk vilje, for så å ramle saman. Total kollaps. Det er slik Wenche beskriv det etter revyen våren 2017.

– Sist sommar hadde eg nok min dårlegaste sommar «ever».

Men revykicket har vore gull verd. Så gull verd at ho har tatt 30 studiepoeng ved revystudiet i Verdal og at draumen ein gong er å kunne starte eit ungdomstilbod med revy og teater i Rauma. Eit tilbod for alle dei som ikkje vil spele fotball eller i korps. No er Wenche så interessert at ho reiser rundt for å sjå korleis andre gjer det og for å lære. Med det har ho og fått sjå og oppleve at revynivået i Rauma både er høgt og godt. Og så har ho blitt meir kritisk til kva som er bra enn nokon gong før.

Å vere kronisk sjuk har ikkje på nokon måte vore lett. Wenche fortel at ho har reist til Vestnes for å handle i staden for å gå i butikken i Måndalen eller på Åndalsnes og ho fortel om trening og trening i håp om betring. Ho har prøvd fleire medisinar, hallelujabehanding og alternativ medisin, men utan resultat.

Nytt håp

Ikkje før no i det siste. No har ho nyleg prøvd noko nytt. Eit vitamin og mineraltilskot som ho eigentleg ikkje hadde tru på, men som ho likevel, i desperasjon, lét seg overtale til å prøve.

– Så stor effekt har dette hatt at då sambuaren min kom heim fire dagar etter at eg hadde begynt, så sa han at han kom heim til ei heilt ny dame. No greier eg å porsjonere energien min betre og eg søv seks til sju timar om natta, smiler Wenche. Ho seier ho og har fått att trua på at livet skal gje meir meining.

– Du har tre jenter. Kva har din sjukdomssituasjon gjort med dei i oppveksten?

– Dei har tidleg fått lære seg å ta ansvar, mykje ansvar. Dei har mellom anna laga mykje mat til mamman sin. For dei trur eg det har blitt normalt. Dei har lært seg å sjå an situasjonen og min tilstand når dei kjem heim. Det har vore ein hard skule for oss alle, som eg gjerne skulle ha vore forutan, men vi har alle lært svært mykje.

– Kva tenker du om å stå fram med dette på Facebook og no i Åndalsnes Avis?

– Eg er ikkje så oppteken av kva andre meiner om meg lenger. Og om mi historie og mine erfaringar kan hjelpe andre i ein liknande situasjon, så ville det har vore bra. Det er dessutan ein viktig erfaring med dette som eg ber alle ta på ramme alvor. Lytt til barna dine når dei klagar på smerte. ta dei på alvor og høyr på dei om kropp og helse. Kanskje hadde eg fått eit anna liv om dette hadde blitt tatt tak i då eg var ung.

– Du har skaffa deg to bikkjer?

– Eg er glad i dyr og dei dreg meg med ut. Dei er mine trufaste vener og mi trekkraft, avsluttar Wenche Åsegg Moen.

Revy: Raumarevyen har betydd mykje for Wenche. Her i ei rolle saman med Cathrine Slemmen. Foto: Evy Kavli Foto: Evy Kavli