Andreslåtten er i gang. Medan mange brukar dei fine dagane til bading og strandliv, har bøndene prisa solstrålane og temperaturen med å kaste seg i gang med årets andre grasslått.

– Fantastisk fine forhold og store avlingar, seier Ottar Hanset som jobbar lange dagar i Eidsbygda saman med sonen Tor Olav.

Han fortel at det stort sett er litt tidlegare fleire plassar i Rauma enn i Vistdal og det gjer at han kan operere som entreprenør før han tek slåtten på eigen og nabogardane i Vistdal.

Ny marknad

Og sjølv om det blir mange kilometer på asfalt mellom Vistdal og bygdene i Rauma, synest Ottar Hanset og det er ei interessant biinntekt.

– Det er ikkje lett å finne folk som tek det på seg. Det har endra seg dei siste åra og vi har berre fått meir og meir å gjere. Vi pressar nok rundt 1000 rundballar i Rauma no, fortel vistdalingen og legg til at leigekøyring gjer det mogleg å halde seg med relativt nytt utstyr.

Han viser fram ei ny rundballepresse som vart kjøpt sist vinter.

Varmt

Tor Olav Hanset, som køyrer rundballepressa, tørkar sveitten frå panna og innrømmer at det er varmt.

–Men det er varmare ute enn inne i traktoren. Der er det kjøling, fortel ungdommen som let dagane bli svært lange i det gode vêret.

– I regn blir det berre elendigheit og vi øydelegg jorda med det tunge utstyret, seier Ottar og legg til at det no har vorte vanleg å bruke rive til å samle graset for at det skal bli mindre køyring med tungt utstyr.

– Vi rakar sju meter og den nye pressa vår pakkar ein ball på 18 sekund etter at den er pressa, fortel Ottar Hanset kosar seg med arbeidet i shorts og med solbriller.

Hanset fortel til slutt at dette har vore eit av dei beste åra han kan huske når det gjelder grasavlingar. Mykje gras og fantastiske vêrtilhøve pregar altså andreslåtten så langt.