Tre ferjer og 20-minuttars frekvens på riksvegferjesambandet E39, Halsa-Kanestraum

Fjord1 og Statens Vegvesen Region Midt inngjekk torsdag 3. juli ein avtale om å styrke kapasiteten på ferjesambandet Halsa-Kanestraum. Bakgrunnen for avtalen er sterk trafikkvekst og eit betydeleg tal attståande kjøretøy over lengre tid. Det er M/F Svanøy som går inn som det tredje fartøyet på sambandet. M/F Svanøy har en bilkapasitet på 89 pbe (personbileiningar) og blir det største fartøyet på Nordmøre.

Fjord 1 ventar at kapasitetsauken vil gje god trafikkflyt og eit sterkt forbetra tilbod til dei reisande. Avtalen strekkjer seg fram til 1. oktober 2014. Etter denne datoen vil sambandet igjen bli operert av to ferjer i samsvar med den ordinære ruteplanen/det offisielle ruteheftet.

Fartøyet settes i drift fredag 4. juli.