Torsdag morgen klokka 08.00 blir vegen over Trollstigen opna for sesongen. Det kan Ivar Hol fortelje.

Han fortel om ein vinter som har vore snill på alle måtar og om at vegen har svært små skadar etter den snille vinteren. Hol fortel og om at vegen dei siste åra har vore opna rundt 25. mai og at det slik sett er uvanleg tidleg i år.

– Men det var 15 cm med tørr snø no under det siste snøfallet, fortel «sjefen» for vegen over Trollstigen.

– Fryktar du at det kan bli snakk om stenging att?

– Det er noko vi alltid må rekne med. Men vi opnar no og stengjer igjen om det skulle vere grunn tildet. Sikkerheit først, seier Ivar Hol.