Bygget frå krigens dagar er nemleg på lista over mulege framtidige verneobjekt av regional verdi. Her kler den lista saman med Bøstølen, Soggegrenda og Kylling bru og mange andre.

Grunnen til at bygget lever på ei såkalla lånt tid, er at formannskapet med 7 mot 2 stemmer vedtok at det skal arbeidast med å planlegge flyktningebustader på tomta ved Romsdalsvegen. Det kan innebare ei riving av den tidlegare soldatheimen, realskulen og tilhaldsstad for kulturell aktivitet.

– Også eg tek vern på alvor. Om alt som står på lista over forslag til vern skal vernast, må det likevel vere lov til å spørje kva vi skal drive med heretter i kommunen vår, sa Marit Nauste. som ikkje hadde vanskar med gå for rådmannen si innstilling.

Partikollega Oddbjørn Wærås hadde ingen vanskar med å slutte seg til hjartesukket frå Nauste.

– Vi må kunne vere kritisk til lister over verneobjekt skal vi kunne arbeide for eit levande samfunn, sa Wærås og la til at kven er det som spør etter tyskebrakka som vart riven til fordel for bygging av Åndalsnes sjukeheim i Neshagen i dag.

– Ingen, var svaret hans.