Fylkesmannen har godkjent fangst av gaupe både på Holm og på Holmemstranda.

I tida mellom 1. februar og 31. mars kan det fangast gaupe i gaupebåsar på to plassar her i Rauma. Det er Nordre Rauma sau og geit som har fått godkjenning med bakgrunn i søknad.Fylkesmannen har lagt inn ei rekkje føresetnader for godkjenninga. Det må meldast kven som har ansvaret for tilsynet med dei to båsane. Dei som skal drifte båsane må vere registrert som jeger og rette seg etter reglane for gaupejakt.

Vidare skal Statens naturoppsyn når som helst kunne kontrollere at båsane er konstruert og sett opp i tråd med løyve og reglar. Pålagt tilsyn morgon og kveld skal loggførast med dato og klokke og med namn på den som har utført tilsynet. Loggen skal takast vare på.Vidare heiter det at stenging av båsen skal skje på ein robust måte slik at det både blir vanskeleg og tidkrevjande for uvedkomande å åpne boksen.Stein Siem