Miljøvernleiar Brit Grønmyr har sett opp ei oversikt over resultatet frå årets hjortejakt til og med november. Den viser eit ujamt utbytte i ei jakt der siste dato er sett til 23. desember.

Oversikta gjeld dei fleste av valda som har eigne driftsplaner – 9 av til saman 12 jaktvald.

Det er framleis vald i kommunen utan eigne driftsplaner. Måndalen manglar driftsplan for jaktvalda i bygda. I tillegg er det nokre mindre vald i Isfjorden og Gjerdsetbygda som overlet til viltnemnda i kommunen å bestemme avskytinga.

Av dei sju valda som har rapportert inn talet felte hjort før 1. desember og har fjorårets fellingar å samanlikna med, utmerkjer Sandnes og Holm seg som det valdet der jegerane har felt klart fleire dyr enn i tilsvarande periode i fjor. Over 60 dyr til og med november i år mot knappe 40 felte i fjor. Isfjorden storvald, Hatle og Norvik i Eidsbygda samt valda i Medalen og Rødvendalen kan elles vise til betre avskyting til og med november i år, enn i fjor. Av dei sju valda med grunnlag for å kunne samanlikne med fjoråret er det berre MIttetdalen og Grøvdalen sameie i Isfjorden som kan melde om lavare avskyting så langt.

287 felt

Her er talet felte hjortar i dei 9 valda som er med i oversikta (talet tildelte løyver 2012 i parantes):

Isfjorden storvald 39 (48).

Grøvdalen sameie 16 (30).

Hatle/Norvik 15 (27).

Mittetdalen 27 (50).

Medalen 26 (40).

Vågstranda 44 (95).

Sandnes/Holm 63 (86).

Rødvendalen (22 (30).

Innfjorden 35 )90).

Miljøvernleiar Brit Grønmyr meiner det på grunnlag av tala så langt er vanskeleg å antyde korleis avskytinga på årets hjortejakt vil bli.

– Vi manglar avskytinga frå ein del vald. Det gjenstår enno ein del dagar å jakte på, påpeikar miljøvernleiaren.

Til saman 287 dyr er felt i dei 9 jaktvalda som er med i rapporteringa. Til saman 496 løyver er delt ut i dei samme valda.

Øystein Talberg

oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no

Telefon: 91 190 213