Saken skal opp til handsaming måndag 12. november. Det var i brev datert 3. september i år at selskapet Viking Ocean AS ved dagleg leiar Svein Peder Vågnes om løyve for persontransport i rute på strekninga Ålesund-Oslo.

I søknaden skriv selskapet mellom anna at det vil bli nytta miljøvenlege bussar med høg komfort/standard, vidare skal reisande kunne bestille fast plass og det vil bli lagt vekt på god service. Selskapet skriv vidare at dei vil tilpasse ruteopplegget slik at det skal korrespondere mest mogleg med kollektivtilbodet elles i fylket.

Avvikla i vår

Møre og Romsdal har i fleire år hatt tilbod om ekspressbuss til austlandet frå byane Kristiansund, Molde og Ålesund som vart drifta av dei tre selskapa Nettbuss Møre AS, Veøy Buss AS og Lesja Innkjøpslag AL, tilbodet vart avvikla våren 2012.

I yrkestransportforskrifta har samferdselsdepartementet delegert til fylkeskommunen å handsame søknader om fylkesoverskridande ruter. Sidan Viking Ocean AS har forretningsadresse i vårt fylke er det Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselsutvalet som har løyvestyremakt og som skal handsame søknaden om konsesjon.

Selskapet skriv at bussen går samtidig fra Oslo som fra Ålesund, seint om formiddagen. Bussen planlegg å stoppe ved Essostasjonen på Øran i vår kommune. Ankomsten til Oslo er den samme som ankomst til Ålesund, om kvelden. Turen tek åtte timar.

Hele saken leser du i papiravisa til Åndalsnes Avis torsdag 8. november.