Den nye rapporten frå Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) vart i går kveld presentert på eit folkemøte på Åndalsnes. Og at rapporten etterlet eit skrekkscenario av dimensjonar, er det ingen tvil om.

Oppdatert 20. september 2015: Denne artikkelen er fra 2009. Høsten 2014 og høsten 2015, når det ble oppjustert til rødt farenivå, er det snakk om store bevegelser i Veslemannen, som er et mindre, aktivt parti av det ustabile fjellpartiet Mannen. Dette partiet har et volum på mellom 120.000 og 180.000 kubikkmeter. Hvis Veslemannen raser er det tre hustander som kan bli berørt, i tillegg til at det kan bli skader på jernbanen. I prognosene fra 2009 snakker man om de mulige konsekvensene ved et langt større fjellskred fra Mannen.

Men kor stor er sjansen for at det vil gå eit større fjellskred frå området rundt den etter kvart så mykje omtala Mannen i Romsdalen?

I følge rapporten er det årlege sannsynet 1/100 for eit større fjellskred. Målingar viser at det mest utsette fjellpartiet rører seg tilsvarande 5 centimeter i året. Dette gjeld i første rekkje eit fjellparti tilsvarande 2 til 3 millionar kubikkmeter masse. Men NVE gjer det også klart at sjansane for at storleiken på skredet kan bli auka til 15-25 millionar kubikkmeter masse, så absolutt er til stades. Eit fjellskred i fjellområdet vest for Horgheim, vil etter ekspertar si meining, skli ned i dalbotnen. Det vil igjen seie at skredet vil føre med seg lausmassar frå fjellsida.

Oppdemming

Bygningar, veg og jernbane vil mest sannsynleg bli råka. Dei no 71 fastbuande i området Marstein/Horgheim, vil på ein eller anna måte bli involvert. For faren med eit skred på tvers av dalen, er oppdemminga av Rauma elv. Dette kan føre til ein stadig veksande innsjø. Ved eit eventuelt dambrot, kan ei flodbølgje tilsvarande vassføring på 20.000 kubikkmeter i sekundet, skylje ned dalen.

Til samanlikning utgjer ein 200-årsflom i Rauma elv ei vassmengde tilsvarande 570 kubikkmeter i sekundet. Skulle verst tenkjeleg scenario slå til, vil jord, vegetasjon og bygningar i dalbotnen bli vaska vekk. Store deler av Åndalsnes ligg også i faresonen. Så mange som 1650 fastbuande personar vil kunne vere involvert. I tilfelle skred vil Romsdalen ikkje lenger vere noko alternativ for samferdsle. Veg og bane vil mest sannsynleg bli kutta. Berre gjenoppbygging av vegen har ein estimert kostnad på 800 millionar kroner. Gjenoppbygging av Raumabanen har ein berekna kostnad på 1,5 milliardar kroner! At veg og bane kan verte uframkommeleg så lenge som i eitt års tid, gjer at dei samfunnsøkonomiske tapa ligg på rundt 300 millionar.

Infrastruktur øydelagt

Rapporten konkluderer med at straumforsyninga frå Rauma Energi kan falle bort i fleire veker.

Korleis kan ein så forebygge farane eit fjellskred og påfølgjande oppdemming representerer?

I rapporten er det antyda at ein tunnel kan vere løysinga for å leie vatnet frå Rauma elv forbi ei eventuell demning. Også samferdsla kan bli oppretthalden via ein tunnel. Det betyr i så fall at hol gjennom fjellet må lagast på førehand. NVE skriv at dette er tiltak ein bør vurdere kostnaden på – både med omsyn til direkte kostnader og nytteeffektar. I første omgang er det sett i verk tiltak som skal varsle eit eventuelt skred rå området rundt Mannen. Her er det, som tidlegare omtala – snakk om radar, laser og strekkstag – for å vise om rørsla i fjellet endrar seg – eit varsel om skred på førehand, med andre ord.