Jordmormarsjen 10. august

Nyheter
Klare for trim. Laurdag 11. august åpner fylkesleiaren i Den Norske Jordmorforening, Ingvild Hersoug Nedberg den 10. Jordmormarsjen i Eidsdal. Jordmormarsjen har vorte ein tradisjon i Norddal kommune, for å hedre minnet om den legendariske jordmor Jensine Rødal Grønningsæter aom gjekk 31. januar 1886 frå Eidsdal over Storåsen til Norddal, deretter oppover bakkane til Herdalsosen og over Kallskaret ned til Tafjord.

Frå Tafjord gjekk ho utover mot Muldalsvika før ho tok fatt på oppstigninga mot Muldal. Der låg Torine Muldal, barselssjuk, og utfallet av ein fødsel var veldig usikkert både for Torine og hennar ufødde barn. Men det viste seg at jordmora nådde fram i tide. Ho hadde klive over høge fjell, over 1000 meter over havet ligg Kallskaret, og ho hadde gått gjennom tronge dalar og oppetter bratte lier.

Fylkesledeiaren i Den Norske Jordmorforening Møre og Romsdal er storleg imponert over den bragd jordmødrene gjorde her inne mellom farlege fjell og djupe fjordar på denne tida.