Eit stupetårn og leikeplass for barn er mellom tiltaka som skal skape meir liv i sentrum av Åndalsnes.
Endret: 09.02.2012 kl. 08:20
For eit par år sidan oppretta politikarane ei sentrumsgruppe. Dei skulle komme med forslag til tiltak som kunne gjere sentrum av Åndalsnes meir levande – foreta ei revitalisering av området. Formålet var å gjere sentrum meir attraktivt for folk flest.
Gruppa har i løpet av 2011 hatt tre møter. Dei har også hatt ekskursjon til Voss for å sjå korleis dei har utforma liknande tiltak. På vegen til Voss var dei innom stader som Otta, Lom og Aurland for å suge til seg idear. I Aurland planlegg dei for tida ei alpebane; ikkje ulikt det ein i mange år har snakka om på Åndalsnes – ei taubane frå området ved jarnbanestasjonen til toppen av Nesaksla.
I eit møte i januar samla gruppa seg om to konkrete tiltak dei meiner kan heve kvaliteten på sentrum.
Stupe frå høgder
Eit stupetårn i nordenden av Jernbanekaia er eit av tiltaka dei ser for seg. I utgangspunktet er dette eit tårn som skal skaffe dei badande stupemuligheiter frå diverse høgder – opp til 10-meteren kanskje.
I tillegg kjem gruppa med forslag om å etablere ein leikeplass i nordenden av parkeringsområdet ved Vøra. Dette er ein leikeplass som kan gjerast om til skeisebane vinterstid.
Det er også snakk om å sette opp infotavler i sentrum. Raymond Talberg er prosjektleiar i gruppa. Han informerte formannskapet på siste møtet deira – eit møte som vart halde i Wenaasgruppen sitt administrasjonsbygg i Måndalen.
– Målet er å gjere Åndalsnes om til eit levande sentrum året rundt, forklarar Talberg.
Han erkjenner at denne leikeplassen vil legge beslag på parkeringsplass. Det kan gje utfordringar. Det vil uansett vere politikarane som til sjuande og sist skal vedta om kommunen skal gå for tiltaka.
NB. Dette er planer som ikkje vil måtte vente på ei eventuell ny kommunedelplan for Åndalsnes.
