Kristoffer Bakke gler seg. Han ser verkeleg fram til å kome inn i Rauma kommunestyre. 20-åringen frå Åndalsnes blir den nest yngste som nokon gong har vore i kommunestyret i Rauma og han fortel at det var etter 22. juli for fire år sidan at han vakna opp og kjente sterkt på at det var viktig at ungdom engasjerte seg. Då starta han, saman med Peder Gjerstad, Rauma Unge Høyre.

Og etter det har han vore på ei fantastisk reise, som han sjølv beskriv det. Han fortel og læring og utvikling som han ikkje kunne ha fått om han ikkje hadde blitt med på skoleringa i Unge Høgre. Å halde innlegg eller stå på ein talarstol er ikkje lenger like «farleg» som det var før.

– Kor viktig er det med unge politikarar?

– Veldig viktig. Det er først då vi får politikarar som representerer alle veljarane, som blir eit tverrsnitt av folket. Det er ikkje å vente at pensjonistar i dag kan sette seg inn i korleis det er å vekse opp i dag, kanskje 50 år seinare enn dei sjølve vaks opp. No håpar eg at fleire av dei unge på listene kjem inn i kommunestyret slik at vi blir fleire.

– Trur du at du blir høyrd eller fryktar du at hersketeknikkar skal ramme deg som ung politikar?

– Nei, tvert imot. Eg opplever tvert i mot interesse for å høyre mitt syn. Eg trur slett ikkje det vil bli noko problem.

– Og du har ikkje prestasjonsangst?

– Nei, dette blir ein fin måte å vekse på og det vil gje meg nye opplevingar.

– Du er i militæret og du skal bli student i Bergen?

– Ja, men eg vil møte så sant det let seg gjere. Det er slik det må vere om ungdomar skal vere med i politikken, avsluttar Kristoffer Bakke.