Den 15 juli var ein viktig milepel for fellessjukehuset, og starten på eit samarbeid som skal vare i fleire år framover, seier Dag Hårstad konst. adm. dir. i Helse Møre og Romsdal. I formiddag var partane samla i Ålesund for å signere kontrakt med Nordic Office of Arcitecture (arkiktekt) i samarbeid med Aart architects og Asplan Viak og COWI (rådgivande ingeniør) i samarbeid med Dr. Ing Aas Jakobsen og NGI.

Det er god stemning i møterommet i Helse Møre og Romsdal denne formiddagen. Partane som skal samarbeide om utforming og prosjektering av nytt lokalsjukehus for Nordmøre og Romsdal og distriktsmedisinsk senter i Kristiansund (SNR) er samla for første gong i samband med signeringa.

Omfattande erfaring

– Nordic og COWI har omfattande erfaring frå sjukehusbygg i Skandinavia. Dei utmerka seg i konkurransen, og har samarbeidd på fleire store sjukehusprosjekt som til dømes St. Olavs Hospital, Idefase Oslo Universitetssykehus, sjukehuset i Vestfold og nytt sjukehus i Stavanger, seier Bjørn Remen direktør for byggeprosjektet SNR.

COWI og Nordic er kjende med den nasjonale og lokale merksemda som har vore på fellessjukehuset, og ser fram til å vere med på planlegginga.

- Nyheita ble svært godt motteken blant alle tilsette i COWI, og vi ser fram til å samarbeide med oppdragsgivar, arkitekt, tilsette og brukarar, seier Kirsti Engebretsen Larssen, divisjonsdirektør for Bygninger i COWI. Ho meiner at sjukehus er det mest komplekse ein kan planlegge, der interessa og påverknader på lokalsamfunna er stor. -Samstundes må sjukehuset utvikle seg i takt med dei krav og behov som ligg i framtida, seier divisjonsdirektøren i COWI.  Bygginga av det nye sjukehuset i Nordmøre og Romsdal startar i 2018 og er planlagt ferdig i 2021.

Inspirerande tomt for arkitektane

- Vi er svært glade og stolte over å ha fått denne tilliten. Å få vere med på utviklinga av eit nytt sjukehus som skal dekke befolkninga i Nordmøre og Romsdal sine behov for spesialisthelsetenester er ei inspirerande utfordring. Tomta for det nye sjukehuset har klare kvalitetar. Den har ei vakker beliggenheit som vil  inspirere oss som arkitektar til å skape eit funksjonelt og  flott sjukehus, seier John Arne Bjerknes dagleg leiar og partnar i Nordic.

Både Nordic og COWI startar arbeidet i august. I desember 2015 er neste store milepel i prosjektet. Då skal både hovudprogram for utstyr, overordna teknisk program, hovudfunksjonsprogram og moglegheitsstudien vere klare.

Det er Helse Midt-Norge som melder dette i ei pressemelding om ettermiddagen torsdag 16. juli.